SEIMSDAL KRAFTVERK – Konsesjon
Etter omfattande utgreiingar og søknad, har NVE gjeve selskapet konsesjon for utbygging av Øyni Kraftverk.
Vedtaket vart anka inn til OED, men i svar frå departementet 27.jan.2010 er ankane ikkje teke til følgje. NVE sitt vedtak dagsett 11.feb 2009 vart oppretthalde.
Prosjektet vart heretter kalla Seimsdal Kraftverk
.
Historikk
Småkraftverk i Seimsdalselvi vart første gong diskutert i nov. 2004 i fellesmøte med alle fallrettseigarane i vassdraget. Allereie då var det så posistiv vilje til utgreiing av dette prosjektet at arbeidet vart vidareført med ei gruppe valgte fallrettshavarar. Spørsmålet om samarbeidspartar, økonomi, trasevalg, selskapsform kom tidleg på bordet, og etter nokre fellesmøter med klargjering, vart det beslutta å gå vidare med tanke på skiping av selskap der fallrettseigarane vart invitert til å delta. Årdal Energi KF vart så invitert til å vera medeigar i lokalt utgreiings- og evt. utbyggingsselskap, og takka ja.
Begrunnelse for tiltaket
- Seimsdal Kraft as ønskjer å utnytta kraftpotensialet i Seimsdalsvassdraget
- Utbygginga har akseptabel økonomi
- Miljøkonsekvensane er akseptable
- Produksjonen bidreg til nasjonal kraftforsyning
- Produksjonen gjev inntekter til Seimsdal Kraft as, Årdal kommune og staten
- Bidreg til evigvarande verdiskaping lokalt