Seimsdal Kraftverk er i drift.

19.mai 2011 kl 10:25 snurra generatoeren for fyrste gong. Testkøyring gjekk utan problem , og kl. 17:50 vart den kobla på nett.

tubinhjul

Seimsdal ligg i Årdal kommune i Sogn og Fjordane. Vassdraget strekker seg frå høgdene mot Luster kommune i nord og er ca 1.5 mil langt med høgdeskilnad på ca 1100 m. Seimsdal Kraft as, vart skipa 13. juni 2005, av grunneigarar i Seimsdalen, saman med Årdal Energi KF.

seimsdalen

Målsetting 
Selskapet sitt føremål er å utgreie grunnlaget for energiproduksjon i Seimsdals-vassdraget og, dersom utgreiingane syner lønsemd for eigarane, stå for detaljplanlegging , utbygging og drift av produksjonsanlegg. Selskapet kan og delta i anna næringsverksemd, enten som aksjonær eller med direkte investeringar.

Bedriftsprofil
Lokalt eigarskap ser me på som trygg , god og sikker løysing. Interessa for å delta er god, og selskapet tek all økonomisk risiko. Selskapet leiger inn eksterne konsulentar, eller firma. for å utgreia, -evt. bygga ut anlegg.

Jørgen Asperheim er tilsett som dagleg leiar, og selskapet har kontor kraftstasjonsbyngingen, Dalavegen 1B. Seimsdal Kraft AS. er tilslutta Småkraftforeningen, eit felles forum for Småkraftverk.